Album: Esperanza Spalding – Chamber Music Society
Obama sin yndlingsartist er ute med sitt tredje album, og jenta har vokst!
Spalding, som har imponert dei fleste med ei fantastisk sangstemme og virtoust bass-spel, har vore eit av dei heitaste innslaga på den amerikanske jazzscena dei siste åra. Med feite, drivande låtar, funky riff, og ikkje minst eit ikkje så lite tiltalande ytre har ho spelt seg inn i platesamlinga til både sofistikerte jazzelskarar og unge folk som har sett ho ved sida av Beyoncé-skivene i hylla.
På Chamber Music Society har Esperanza Spalding utvida ensemblet sitt med ein stryketrio, og tatt eit steg vekk frå det pubertale, småjenteaktige utrykket med enkle, romantiske tekstar ho sjarmerte heile verda med, mot noko meir modent og, til tider, meir lavmælt.
Det er generelt mindre tekst, og meir fokus på elegante komposisjonar og arrangement. Stryketrioen er eit fint supplement til den opprinnelege besetninga, særleg når Leo Genovese dreg fram el-pianoet på til ”What A Friend”. Genovese kan også skryte på seg dei desidert beste soloane på denne skiva.
Den lengste låta på albumet, ”Knowledge Of Good And Evil”, er også den sterkaste. Den er sløy, intens og fett arrangert. Forma er dratt i alle retningar, og med lange oppbyggingar og feite improvisasjonar er det vanskeleg å ikkje bli rive med. På ”Winter Sun” kjem meir av det gamle fram, med skeive takter og feite bass-ostinat.
Dei meir lavmælte låtane, ”Little Fly” og ”Apple Blossom” (der ho forøvrig har med seg den verdskjende brasillianske Milton Nascimento) er sjarmerande og fine, og det er godt. Likevel gjer Spalding det best når ho har ein slesk groove og får herje vilt med songstemme og kontrabassen. Til dømes vert den pompøse og alt for treige versonen av ”Wild Is The Wind” dessverre for mykje.
Les også:
- Store opplevingar i Molde Det er alt for mange bra konsertar på ein gang...
- Dave Holland Quintet på Nasjonal Jazzscene: Legendarisk! Då Dave Holland Quintet gjesta Victoria i Oslo, kunne ikkje...
- ISFiT: Ari Hoenig Trio ISFiT festivalen sin første jazzkonsert ved Dokkhuset var ein trommetrio...
- Pengar versus innsats Leiar i Norsk Studentunion Jens Maseng krev meir pengar til...
- Veke 41: Deerhunter – Halcyon Digest Ambient-rockarane i Deerhunter er ute med sitt fjerde album på...
Tagget med: album, anmeldelse, Esperanza Spalding, jazz, påtirsdah




