Perfekt!
Før denne konserten hadde folk fortalt meg litt forskjellig om Susanne Sundfør. Mellom anna att ho er ei “grå mus” som ikkje har kontakt med publikum. Direkte publikumskontakt var riktig nok ikkje hennar sterkaste side, men ho gjorde eit hederleg forsøk. Uansett, poenget mitt er ho ikkje treng å kommunisere med publikum utover det ho gir oss med musikken sin. Og sceneshowet. Og lyset. Og den dødsbra lyden.
Konserten begynder med ein typisk, episk rockekonsert-intro. Men plutselig skyt det inn ein bassklarinett, og underteikna er i ekstase, fordi eg veit at det ikkje kan vere nokon andre en sjølvaste Lars Horntveth! Eg visste allereie at ho har med seg den fabelaktige Gard Nilssen og ikkje minst Øystein Moen på konsertane, men dette toppar alt! Dei to kordamene (som forøvrig trakterte cello og vibrafon også) var det heller ingenting å utsette på. Sundfør sa det best sjølv: – Eg har med meg Norges beste musikarar!
- Eg har med meg Norges beste musikarar!
Vidare går det slag i slag, og det er nesten umulig å få samle seg etter kvar låt. Men Sundfør fangar oss like mykje når dei køyrer full synthpop-kakafoni, og når ho sitt aleine med pianoet. Dei syng så bra, og spelar så bra, at det gjer ingenting når Nilssen tar eit break som er så heftig at han kjem litt ut av det, eller når Lars Horntveth bommar på pedalen sin, slik at lydteppet han har bygd opp gjennom låta ikkje blir trekt til side så brått som det skal.
Ofte er eg ikkje så begeistra for ekstranummer, men når Sundfør får alle jentene i storsalen til å synge så fint (eg har aldri haurt allsang på ein stor konsert så bra), er det heilt i orden. Ganske fantastisk, egentlig. Dette er perfekt!
Les også:
- ISFiT: Susanne Sundfør og Trondheimsolistane ISFiT fylte Nidarosdomen med 1200 spente fans tysdag, og dei...
- Konsert: Die Enttäuschung Galskap og god stemning på Dokkhuset! Die Enttäuschung skuffa ingen....
- Konsert: Gjermund Larsen Trio Fredagskvelden stilte Gjermund Larsen sterkt med ein ikkje så lite...
- Konsert: Trondheim jazzorkester & Elin Rosseland Onsdags kveld serverte dokkhuset eit gjenhør med bestillingsverket til jazzfest...
- Susanne Sundfør – The Silicone Veil Den nye plata til Sundfør er hardere, bedre og enda...
Tagget med: konsert, perfekt!, samfundet, Storsalen, Susanne Sundfør




