Byrjing: Mogaard fortel om den harde tida...


Foto: Eivind Skrødal

Hei. Mitt namn er Gøran Rømo Mogaard, og eg skal no fortelja deg om ei hending i livet mitt som omhandlar ei byrjing. Det var hausten 2012, og eg hadde nettopp flytta til Trondheim. Då mor mi kjem frå trønderhovudstaden var byen eit naturleg val for meg og mi framtid, med tanke på studie, nye vener og sjølvrealisering. Det fyrste halvåret gjekk greit. Det var fordi eg flytta inn i eit kollektiv der eg hadde vener heimefrå. Me var fem stykk, og me gjekk overeins høveleg greit. Det var ikkje før våren kom at problema byrja å hope seg opp i fleirtal. Dag ut og dag inn var alt eg fekk høyre: "Gøran, Gøran, du er så irriterande og slitsom! Eg skulle ynskja eg ikkje budde med deg." Det var ikkje kjekt å høyre. Dette var jo det nye livet mitt, min nye start, min vesle personlege oase i Noreg. Det stoppa ikkje der. Det vart værre og værre. Før eg visste ordet av det så vart eg kasta på gata. Ut frå mitt eige kollektiv. Utan forvarsel vart eg henta av politiet og arrestert i to veker. Eg hadde nokre veker tidligare vore ute på byen og urinert på ein offentleg stad. Eg hadde tydlegvis fått bot, men det kan eg ikkje hugse, og dei såkalla venane minne hadde på mine vegne sagt til politiet at eg ikkje godtok boten. Dei fekk meg arrestert i staden. I ettertid fekk eg høyre at det var fordi eg hadde sagt til han eine at han måtte ta oppvasken. "EIN LYT JO TA OPPVASKEN SIN", tenkte eg. Det er vel rimelig.

Etter to veker med fengsel og 14.900 kr i bot måtte eg prøve å finne meg ein ny stad å bu. Eg hadde ingen pengar så eg byrja å selje narkotika. LSD og hasj for 100kr berre for å få seld. Eg byrja å selje meg sjølv, men det var ingen som ville ha meg så eg måtte byrje å ta betalt for at folk kunne gjere kva dei enn ville med meg. Det var nedverdigande. Eg prøvde å ta livet mitt. Eg svelde all LSD'en eg hadde inne. Ca 200 gonger ein vanleg brukardose, pluss at eg gjekk opp på Scandic Lerkendal i håp om at mitt LSD affekterte hovud skulle slenge meg over kanten. Eg vakna tre dagar seinare i ein søppelkontainer...

NEIDA, Men det kunne ha skjedd! DOING!!!

Hør på Satirikon da veeeel, hør på. Kom igjeeen. Vi er HER og vi er også HEEEEERRRRR!!!!!!

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte