– Eg vil at fleire kvinner skal tørre å rappe

Cely er ein av mange ferske artistar vi blei kjent med i 2024. På kort tid gjekk ho frå månadens Urørt, til fast inventar på National Rap Show. 17. januar var ho på Samfundet og spelte si andre konsert nokosinne, og me nytta sjansen til å ta ein prat med Norges fremstormande rap-prinsesse.
Du slepp snart mixtape?
– Ja, planen er at den kjem ut i slutten av mars. Det kjem først ein singel med ein annan rappar 21. mars, og så kjem resten etter det, kryssar eg fingrane for.
Kan du fortelje litt meir om kva me kan forvente av mixtapen?
– Det vil ikkje berre vere «ass, bitches, grrahhrahh», sjølv om det er éin del av livet mitt, då. For eg har andre ting å fortelje om som eg har opplevd, og andre sider ved meg som eg vil vise i musikken. Eg vil også at det skal vere eit prosjekt der ein ikkje følar at ein høyrar same songen sju gongar. Eg vil at det skal vere forskjellige typar hiphop-låter, og at det skal vere musikk eg har laga med venane mine. Eg skal ha masse gjestevers!
Er det mange av dine venar som kjem til å dukke opp på mixtapen?
– Ja, eg har jo blitt kjent med ein del musikarar i det siste året. Og så er det jo ein del folk eg berre vibar med. Eg har også litt fokus på det med andre kvinner [i rap], som til dømes Pavna. Men også karar. Generelt berre folk eg vibar med, eigentleg. Eg veit ikkje om eg skal seie noko meir, haha.

Du har samarbeida med mange forskjellige artistar i det siste. Er det nokon av dei du følar skiljar seg ut i korleis dei jobbar med musikk?
– Kanskje Tommy [Tee]? Han jobbar på den måten at du har ein take, og så er du good. Han vil ha det genuine. Eg var med han i to månadar, og lagde sånn fem songar. Eg tenkte at han ikkje kom til å gi ut noko av det me lagde, det var jo berre noko me laga. Så endte han opp med å sleppe alle songane. Og mykje av dei er mine første takes. Me var der sånn klokka to på natta og hadde tenkt oss heim, liksom. Han har eit veldig fokus på å ikkje overtenkje, og å berre få det ut, ferdig liksom. Det er eg ikkje vand til. Eg hadde ikkje tenkt å sleppe «NOKAS» til dømes, men så gjorde eg det, og det opna mange dører for meg.
Korleis går du fram når du gjer freestyles?
– Kvar song har si eiga sjel. Så det handlar vel eigentleg berre om å «tappe inn» med det. Det er ikkje så mykje djupare enn det. Klart, så ynskjer eg å seie noko smart, openbart.
Og du snakka jo litt om at du ville lage forskjellige uttrykk, og at ikkje alt skal vere likt på skiva. Kva uttrykk om dagen let du deg inspirere av, og likar?
– Eg er veldig glad i Opium (Playboi Carti, Ken Carson, osv.), og den stemninga rundt det. Eg er veldig glad i at rap ikkje berre treng å vere «boom bap, bap rap, rappety rap», men òg melodisk og autotune-basert.
Artikkelen fortsetter etter musikkvideoen:
No skal du til å spele her i Trondheim. Kva kan me høyre frå deg på scena?
– Det blir jo songane eg har gitt ut, og noko frå mixtapen. Men òg songar som eg sikkert ikkje kjem til å gi ut nokon sinne!
Konsert-ekslusive songar, rett og slett?
– Ja.
Har du nokon forventingar til publikum, då?
– Nei, eg ser eigentleg berre for meg at det blir som på lydprøva. Det blir meg, Denisa og Emilie. Eg har ei venninne som bur i Trondheim, då. Så ho kjem. Men eg kjenner ikkje så mange i Trondheim.
Sånn avsluttande, har du eit bodskap du vil kome med?
– Eg veit ikkje, men det er kanskje det at eg vil at fleire kvinner skal tørre å rappe. Det er jo mykje hat rundt det. Men, visst du har lyst å [rappe], så plis gjer det! Det er rart, eg får merkeleg nok mykje hat av andre kvinner i hiphop. Og det er sånn, «We’re supposed to be together!». Kvifor lage all den kvalma, liksom? Jay-Z har ei låt som heiter «Family Feud» der han seier «Nobody wins when the family feuds». Og det er dét – om me alle står og bitchar på kvarandre, kjem ingen av oss til å kome opp av gjørma. That’s stuuupid.
Høyr Cely og Macho sin nyaste singel «89» her: