Ei konsertopplevinga verdt å SKULK-e for
Tekst av: Andrea Fagermoen og Sondre Svorkås
For å sparke av kvelden tok SKULK med seg Mørbank som oppvarming. Her var det ikkje mangel på trykk! Ei god energi på scena, eit godt lydbilete, og ei god evne til å fyra opp publikum gjorde at vi sto igjen gode og varme medan vi venta på SKULK.

Mørbank sørga for ein pangstart på kvelden. Bilete: Sondre Svorkås
Utanom den gode musikalske kjemien på scena, var det også tydeleg at gutane i Mørbank koste seg mykje. Det hendte at diverse utstyr datt i bakken, men dette vert handtert godt og tatt med latter og eit smil.
At bandet hadde det kjekt på scena merka vi også då vokalisten på eit tidspunkt køyrde aprilsnarr på oss dog konserten var i februar.
Mot slutten av Mørbank sitt oppvarmingssett, gav vokalist-bassist Konrad ein hjartevarm tale om Palestina, motstand mot maktmisbruk, og korleis «Ingen som støttar sionismen er velkomne på Mørbank-konsert.»
Talen vert tatt i mot med jubel, og samhaldet var så sterkt at vi i publikum kjende oss som éin einaste stor vennegjeng.

Palestina-bassen. Bilete: Andrea Fagermoen
Med både gamal musikk, og fire nye låtar som fram til no har verte uhøyrd, sørga Mørbank for at publikum var godt oppvarma til når SKULK fekk inntatt scena.

SKULK inntar scena. Foto: Sondre Svorkås
SKULK fortalde i eit intervju med Blyforgiftning at dei ynskjer å ha meir fokus på sceneshowet, og då særleg den visuelle opplevinga. Dette fekk dei verkeleg til.
SKULK opna showet med ein duo-intro, og vokalist Brynjar og trommeslagar Vegard på gitar gav oss eit noko svevande og eteriskt opningsnummer. Med dette klarte bandet å «lande» oss litt etter Mørbank, og fange merksemda vår før det var deira tur til å bråke.

Ein svevande konsertstart. Foto: Sondre Svorkås
Balansen mellom ny og gamal musikk på kveldens setliste var aldeles tilfredsstillande. Rekkjefølga på låtane var godt fordelt og tydeleg gjennomtenkt. Den nye musikken vert tatt veldig godt imot, og ein rakk akkurat å byrje å savne å synge med i det bandet framførte noko av den eldre musikken.

Red Painted Sky. Foto: Sondre Svorkås
Nytt på denne konserten, som SKULK også fortalte litt om i intervju med Blyforgiftning, var eit større lys-show, nye musikalske verkemiddel, og eit lydbilete som verka meir storslagent.
Med dette skapar bandet seg eit «image» som ikkje nødvendigvis er nytt, men vesentleg meir finpolert. Med god belysning, «ambience»-spor her og der, og andre visuelle effektar, sørga i tillegg bandet for å etablere seg ein god estetisk profil.

På scena var det godt trykk. Foto: Andrea Fagermoen
Blant alt det nye musikalske vi fekk høyre, var det særleg eitt verkemiddel som skilte seg ut. I noko av den nye musikken får trommeslagaren også grepe mikrofonen, og med noko som minner om ein vocoder får vi enda eit lag med vokal.
Denne vokal-effekten gjorde at lyden ut i salen var metallisk, noko som berikte lydbiletet. Dette nye lydbiletet gav oss assosiasjonar til band som Radiohead, Deftones, og liknande grupper i same gate.
Likt som Mørbank er det tydeleg at SKULK har det kjekt på scena, og verkeleg står for musikken dei har skreve. Energien på scena var til å juble av, og eit av høgdepunkta i konserten til SKULK var korleis dei nesten kvar gong, utan feil, headbanga synkront, nesten som om dette er planlagt på førehand. Ei genuin innleving i eigen musikk heva konsertopplevinga til himmels.

God innleving i eigen musikk. Foto: Sondre Svorkås
Mot slutten av konserten, under låta «State of Noise» oppfordra vokalist Brynjar til å opne golvet for «wall of death». For dei som kanskje ikkje kjenner til dette omgrepet er det så enkelt som at publikum splitter seg til kvar si side av salen. Etter anten instruks frå bandet eller når musikken tar seg opp og det kjens naturleg, spring ein mot kvarandre frå dei to sidene, og mosh-ar deretter.
Dette var ein herleg måte å byrje avrunding av konserten, og det fekk publikum til å koke i ein lykke-rus. Andrea i Bly kan rapportere frå mosh-en at det heile kjentest som ein stor, god, og varm klem.
Vi i Blyforgiftning sit att kjempenøgd etter konsert med Mørbank og SKULK. Vi vil oppfordre alle som har moglegheit til å få det med seg neste gang anten Mørbank eller SKULK spelar konsert i framtida.
