Ein «Malabarisk» aften på Rockheim

Tekst av: Sondre Svorkås og Andrea Fagermoen

 

Lørdag kveld, den 11. oktober, tok vi i Blyforgiftning ein tur på Rockheim. Dette var i anledning bandet Malabari som skulle spele release-konsert for albumet …And Into The Abyss.

 

Berre nokre få dagar i forkant var Joakim og Espen, nokre av medlemma i Malabari, på besøk hos oss i Blyforgiftning under sending. Blant anna vert det stadfesta at dei to banda som skulle varme opp på ingen måte var oppvarmingsband, men heller co-headliners. Enno dei var dette, kjende vi at dei to banda, Invaded og Tidstyv, gjorde ein fantastisk jobb med å setje stemninga for kvelden. 

 

I det vi satt fot innanfor Rockheim sine veggar, kjende vi tvert på ei god stemning i lufta. Vi skjønte fort at dette skulle bli ei god oppleving. Opptil fleire svartkledde, langhåra menneskjer traska spent inn i konsertsalen. Det summa i lufta av småsnakk, latter, og kosleg stemning før Invaded inntok scena. 

 

EIN FLOTT START PÅ KVELDEN: Invaded spelar sin første live-konsert. Foto: Andrea Fagermoen

 

Med eit helvetes smell inntok Invaded scena og gav oss eit heilt unikt show. Vokalane var så på plass som ein kan be om, trommisen underholdt oss godt med mykje snurring og triksing med stikkene sine, og bandet elles var heilt latterlig samkøyrde. Pluss i margen for kubjelle på siste låt, og eit enda større pluss for ein utruleg bra gjennomført første live-opptreden for Invaded som band.

 

Etter ein 15-20 minutters pause, var det Tidstyv sin tur til å innta scena.

 

NULL MANGEL PÅ ENERGI: Tidstyv overgjeng alle forventingar. Foto: Sondre Svorkås

 

«Pang!» sa det i det både gitaristen og bassisten starta første låt med eit bokstaveleg hopp ned frå plattformen slagverket stod på. Tidstyv starta showet sitt med hylande applaus frå salen. Gruppa hadde ein av dei sterkaste scene-tilverelsane vi har sett på lenge, og denne energien klarte dei å halde gåande frå første til siste stund i showet. På scena tulla, tøysa, og leika bandet saman, og dette smitta godt over på publikum. Kjemien mellom bandmedlemma var ikkje til å gå glipp av, og særleg bassisten såg ut som han koste seg mykje. Han var ein del «på besøk» borte hos gitaristen på andre sida av scena, samt bake på plattformen hos trommisen. Under dette showet, tok vi oss sjølve i å flire mykje.

 

GOD STEMNING: Tidstyv koste seg stort under eiga framføring. Foto: Sondre Svorkås

 

Tidstyv takka så for seg, og etter enda ei kort pause, var det omsider Malabari sin tur.

 

EIN STORMFULL AFTEN: Malabari haldt release-konsert for albumet sitt …And Into The Abyss. Foto: Sondre Svorkås

 

Under Malabari sitt show fekk vi høyre mykje ny musikk frå den nyaste plata …And Into The Abyss. Vokalist Vidar gjorde ein fenomenal jobb med å ha kontakt med publikum, og på å halde oss engasjert. Med det sagt, så var ikkje det å halde energien oppe den vanskelegaste oppgåva, då publikum allereie, takk til dei to føre banda, var i topp humør. Det kokte verkeleg av stemning i salen. 

 

I sann Malabari tradisjon, under låta «Forever Unswayed», vert gulvet opna opp for  «row-mosh». «Row-mosh» er nøyaktig kva det høyrest ut som; ein set seg på gulvet på rekke og rad, som om ein er i eit vikingskip, og latar som om ein ror. Eit parti i låta vert repetert om att og om att medan vokalisten stelte i stand «row-moshen», som han for øvrig var med og deltok i, fremst i rekka som ein ordentleg høvding. Med dette bryt bandet skiljet mellom scene og sal, og ein kjenner seg som ein del av bandet på eit vis. Pluss i margen for publikumsarbeid!

 

ENGASJERAR PUBLIKUM: Vokalist og frontmann Vidar gjorde ein eksepsjonell jobb med publikumsarbeid. Foto: Sondre Svorkås

 

Etter ei god late-som avslutning gjekk Malabari av scena, og kvelden var så omme. Dei tre banda som spelte for oss markerte seg som særdeles dyktige utøvarar, og dei fekk vist seg som show-skaparar verdt å oppleve. Vi i Blyforgiftning anbefalar på det tyngste å sjå både Invaded, Tidstyv, og Malabari live ved første anledning.

 

Blyforgitfning

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte