ESSAY: "Kvifor?"

 

Det er ein solrik, vakker og litt små-kald oktober formiddag og eg sit litt og undrar meg over noko eg har tenkt på ei stund. Livet, seier dei, det er inga dans på roser. Men kva er det då? Er det ein dans på noko anna? Ikkje på roser eller roseblad, ingen blomer i det heile? Er dansen der då, er det ein dans i det heile? Ikkje veit eg kva metaforar som passar best på dette livet me no ein gong lever, alt eg veit er at me skal alle gjennom det anten me ynskjer det eller ikkje. Livet skal levast, det skal levast fullt ut og alle som prøver å sei noko anna kan ta seg ein bolle, eller kanskje eit rundstykke. Eg syns båe to kan vera like godt, det handlar meir om kontekst og dagsform enn sjølve innhaldet. Når eg tenkjer meg om var vel det ein god metafor for livet. Det handlar meir om kontekst og dagsform enn sjølve innhaldet. 

 

Det finns eit par ting i denne verda som ikkje reflekterer det godsinna og framtredande vesenet som me i Noreg prøver å syna verda korleis ein skal ha. Først og fremst eksisterer terrororganisasjonar som IS eller Al-qaida og det eksisterer pedofile, overgriparar og drapsmenn over heile verda. Som regel finn me ei løysing, då noko mellombels, men framleis ei løysing på enkelte av problema. Me prøver å kriga mot IS, me arresterer forbrytarar og me stenger ned pedofile nettverk i eit rasande tempo. 

 

Likevel, er det noko denne verda ikkje klarar å ta tak i. Ein ting som Noreg openbart har fått til, om ikkje meistra, som resten av verda rett og slett heng bak på. Sjølv dei andre landa i Skandinavia slit med å få fullstendig tak på denne nødvendige skikken. Og me kallar dei brør og systre? FORKASTELEG! 

 

Sverige har funne opp så ufattelig mykje. Isopor, tre-punkts-bilbelte, pacemaker, GPS, ultralyd, dynamitt og glidelås. Berre høyr på den lista der. Likevel. LIKEVEL, så sit dei altså der saman med resten av verda med alt for tynne handleposar. TA DYKK SAMAN! Det kan vel ikkje være så jævla vanskelig å laga ein litt tjukkare plastpose vel? Me i Noreg, landet som på eit punkt i tid kastrerte og lobotomerte taterar og samar, har for faen fått til å lage den forbanna handleposen med tilstrekkelig konsistens! Livet er tydeligvis inga dans på roser, det er ein jævla langdryg konkurranse der ein kjemper om å dra testiklane sine over 15 kilometer med lava og knust glas medan Ole Ivars kun syng den første strofa i “Nei kor tjukk du har blitt” utan å nokonsinne komma til poenget!

 

Før me får ei ordning på denne jævla alt-for-tynn-handlepose epidemien som foregår i resten av verda, reiser eg faen meg aldri ut av landet igjen. Med mindre dei har billig sprit i butikken då.

 

Skrevet av Gøran Rømo Mogaard (25)

 
 
LIKER DU IKKE Å LESE TING? DA KAN DU HØRE DENNE TEKSTEN BLI LEST OPP HØYT PÅ RADIO I SATIRIKON PÅ RADIO REVOLT HER!

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte