Ny musikk på spelelistene! Veke 45

DET ER MANDAG!!! Verdens beste musikkredaksjon er tilbake frå sin semesterlege retrett og klør etter å mate deg med deilig, vakker, fin, snill, og kul musikk. Denne veka er det Saba, Kitfai, SKAAR og andre heilt råe musikarar som står på menyen. Velbekomme!
FLTY BRGR GRL – «Ex-Mas»
Den nye singelen til FLTY BRGR GRL er teknisk sett ei julelåt, men med den tvitydige tittelen kan du godt late som om den ikkje er det. Dersom du vil er den ei disig og litt smertefull garasjepoplåt som handlar om lengsel etter ein svunnen kjærleik. Sjølv seier den Oslo-baserte duoen at dei lagar musikk du kan lytte til medan du stalkar crushet ditt på Instagram, noko «Ex-Mas» kanskje er eit godt døme på. Om du får kjærleikssorg i desember er i alle fall lydsporet ditt ute allereie no.
– Maiken Gjøsdal
KitFai – «Looking for the Sun»
Oslobandet KitFai er tilbake med første singel på tre år, og tilbakekomsten går ikke stille for seg - «Looking for the Sun» er en hardtslående rockelåt med kraftfull vokal og god gitardriv. Musikalsk befinner denne låta seg et sted mellom Paramore og Turnstile, så om du er som meg og elsker den gledelige lyden av musikk som både er punkete og poppete på samme tid så kommer du til å gå rundt å nynne på denne låta de neste to ukene. Minst.
– Aleksandra Simonsen
Saken fortsetter etter musikkvideoen
Wauwatosa, Marianna Sangita – «FF»
Prosjektbandet Wauwatosa og vokalist Marianna Sangita har gitt ut musikk saman før, men det er fire år sidan. No har dei samarbeida igjen og gitt ut «FF», ein låt som har alt god elektropop treng. Marianna, kjend frå blant anna Broen og Skrap, sin vokal er meisterleg (som alltid) og passar utmerka over deilige beats, samples og synthar frå Wauwatosa. I tillegg til å vere crazy fengande, er dette ei sånn type låt du lyttar til medan du går gatelangs og automatisk gjer deg sjølvsikker. Sett på «FF» om du vil danse, eller om du rett og slett berre treng ein piff i novembermørket!
– Ingrid Nedrebø
SKAAR – «Both sides now»
I år er det 50 år sidan Joni Mitchell slapp den legendariske plata Blue, og dette har SKAAR markert med å covre Mitchell si kanskje mest kjende låt. Ironisk nok er ikkje «Both sides now» på nemde album, men SKAAR sitt cover er likevel ein solid og verdig hyllest til dronninga av melankolsk musikk.
– Ingrid Nedrebø
Indah – «Coral»
Bergensbaserte Indah er eit band som set dagsaktuelle klima- og miljøproblematikk på dagsordenen gjennom musikken. Debutlåta «Bee», som kom i september i år, handlar om kor livsviktige insekta på jorda er. «Coral» er ein hyllest til, jepp, du gjetta riktig; koralrev og havet. Bergensbandet leverar AURORA-inspirert pop som er ein fryd å høyre på. Det er ikkje godt å seie kva miljøproblem neste singel av Indah vil fokusere på, men viss dei fortset i same spor kan vi iallefall slå fast at det blir veldig fint.
– Ingrid Nedrebø
Ayka – «Window Gazer»
Ayka er signert Luft Recordings, i selskap med blant annet Sassy 009. Forrige fredag slapp hun sin første EP, I'll Show Myself Out Now som inneholdt en håndfull lo-fi indiepop-låter. En av disse låtene var den drømmende og stemningsfulle «Window Gazer», en låt som burde akkompagnere øyeblikkene til alle de som sitter og stirrer ut av vinduer akkurat nå.
– Aleksandra Simonsen
Sad Chloë – «Too Much of a Thought Out Thing»
Ikke la låttittelen lure deg - denne låta er ikke for mye. «Too Much of a Thought Out Thing» er nemlig bare to minutter lang, en ganske kort låt med andre ord, og det er to minutter med den perfekte balansen mellom surt og søtt, mellom kaos og orden, det som er gjennomtenkt og det som bare er deilig gitarbråk.
– Aleksandra Simonsen
Jonas Alaska – «You Can Do to Me»
Hadde nokon vist meg denne låta for fem år sidan og sagt at det var Jonas Alaska, hadde eg ikkje trudd det. Artisten frå Åmli har bytta ut gitaren og dei melankolske visene ut med funky, elektronisk pop, og han kler det. Has nyaste album Girl er proppa full av fengande dansemusikk og Alaska med ein overraskande sjølvsikker vokal – det er berre å vinke visejonas adjø og ynskje nye Jonas velkomen, for dette er bra greier.
– Ingrid Nedrebø
Saba – «Fearmonger (feat. Daoud)»
Saba forbereder endelig oppfølgeren til det fantastiske albumet Care For Me fra 2018. «Fearmonger» er første singel fra det kommende prosjektet Few Good Things, og vitner om en spennende ny retning for Chicago-rapperen, med blant annet elementer i refreng og outro som nesten kunne vært hentet fra To Pimp a Butterfly! Uansett, en veldig kul singel som lover godt for Sabas tredje album.
– Simon Winther
Etran de L'Aïr – «Adounia»
Familiebandet Etran de L'Aïr omtales som en av de lengstspillende gruppene fra byen Agadez i Niger – kjent som et senter for den distinkte Sahara-baserte gitarmusikken (desert blues/tishoumaren). Bandet annonserte nylig at et nytt album kommer i februar 2022, oppkalt etter hjembyen og gitt ut gjennom Sahel Sounds. Første singel «Adounia» byr på alt man kan ønske seg fra Etran de L'Aïr!
– Simon Winther