Ode til kvinnen

Tekst: Gøran Rømo Mogaard
Foto: Benedict Javorovic
Redigering: Eivind Skrødal


Kva betyr eigentleg «kvinne»? Ifølgje wikipedia: «Ordet «kvinne» kjem frå norrønt kvinna, kvenna og har samband med det engelske «queen», 'dronning'». Når ein har det tekniske ute av vegen, kan ein sjå på kva ei kvinne er. «Er det ein hund?» Nei. Det er eit menneskje! Faktisk tør eg hevda at kvinnene er eit av dei beste kjønna me har funni på. Om ikkje dei er det aller beste så langt. Eg hugsar ein gong eg såg ei kvinne. Då tenkte eg: «Der er ei kvinne.». Det var ein god dag.


Ein kan seie mykje om kvinner. Men eg føler ikkje eg har tid til det i dag, så eg skal seie dette: Dei er morosame, dei er hyggelege, dei er kule, dei har god stil, dei har god lukt og ikkje minst er dei også kapable til å laga morosam og ekkel lukt. «Hæææ?? Fiser kvinner?» Ja visst faen gjer dei det! Dei fiser akkurat like mykje som deg og meg, og dei kan ha eklare lukt av og til også! Kjem an på kor mykje fyllekebab dei har innteke kvelden før.


Så der kan dykk sjå! Det er ikkje så mykje forskjell på kvinner og menn likevel. Sjølv har eg det siste året vore involvert i eit romantisk forhold med ei kvinne, og eg kan fortelje at det ikkje er på langt nær like irriterande som det eg hadde sett for meg. Ho er jo rettelig kjekk å ha med å gjere!


Eit kort ode vart det. Til ære for åttande mars er me i Satirikon samde om denne beskjeden: Kvinner er bra, gidd å vera kjipe mot dei, liksom. Ke du drive med, slapp av liksom.


Hør odet ein gang til, eller hør Gøran og Eivind standup - slam, der dei konkurrerar om kven som har den beste standupen. Berre ein vinnar kan kårast.

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte