Perfeksjonisten med tilnærma perfekt konsert
Emma Steinbakken i Storsalen 25/10:
«Emma, Emma, Emma» runga det i Storsalen då Emma Steinbakken entra scena på Studentersamfundet for første gang, sett bort frå den gangen ho varma opp for Dagny. Det var ingenting som tyda på at mange i publikum hadde brukt gårsdagen på øl, lederhosen og bratwurst, då artisten sette i gong med første låt, «September», og publikum dansa og song med.
I forkant av konserten hadde Steinbakken sjølv sagt at publikum kunne forvente ein del up-beat låtar. Spør du underteiknande leverte artisten best på dei rolege låtane. Mogleg fordi heile Storsalen song med for full hals på «Not Gonna Cry For You» og «Glemmer deg aldri», og ein kunne for (nesten) første gong under UKA legge vekk moshpit´en, og heller gje sidemannen ein god klem. Mogleg fordi artisten var sjuk, og det var meir behageleg med låtar der ho slapp å springe rundt på scena i full «Razzmatazz»-stemning. Det må elles nemnast at ho leverte klokkereine tonar, trass i sjukdom. Den eine gongen ho bomma litt på introen til låten, kom det: «Vi begynner på nytt», frå Ullensøkningen. Her skal ikkje publikum bli levert verken playback eller sure tonar.
Emma Steinbakken song tre låtar før ho sa noko til publikum. «Jeg er alltid nervøs fram til jeg begynner å snakke», sa ho, og la ut om ein flause som skjedde i Trondheim søndag. Dette fekk publikum til å bryte ut i latter, og fekk Steinbakken til å slappe av litt meir. Mellom låtane fortalde ho fleire korte historier: om favorittlæraren sin på skulen og om guten ho trudde ho aldri skulle kome over på ungdomsskulen, som vel og merke ikkje var mange år sidan. Det blir snakka mykje om at Emma Steinbakken er ung, men det må vi også snakke om. Ho leverer eit show som verkar som ho har vore i musikkbransjen i ti år.
Sjølv med litt mangel på energi til tider, får Emma Steinbakken med seg publikum, ho byr på seg sjølv, spreier latter i salen, og til og med nokre tårer under nokre av dei sterkaste låtane tydingsmessig. Alt i alt ein fantastisk konsert frå 18-åringen.
Terningkast: 5
Vil du bli endå betre kjend med Emma Steinbakken? Hør intervjuet med UKEsenderen.
Konserten er meldt av Sofie Flølo Dyrstad