Petters jazzjam tek farvel: – Enden av ein æra
Etter ni år med over 70 jammar tok Petters jazzjam farvel med Trondheim. Med det ser Petter Dalane tilbake på eit eventyr om samspel, kreativitet og humor.
Tekst: Edvard Kildahl Andersen

Foto: Kajo Bjørkaa De Riz
Då Petter Dalane byrja å studera piano på Jazzlinja i 2017 fanst det ingen fast jamscene i Trondheim. Samstundes var interessa for jam-musikk som standardjazz og bebop på veg opp igjen i det unge jazzmiljøet. Difor tok Petter på seg ansvaret og arrangerte ein jam på Antikvariatet musikk- og bokbar. Allereie same kveld vart det avgjort, med stor oppmuntring frå Antikvariatets daglige leiar Carsten Bachke Tourrenc, at dette skulle bli eit fast arrangement.
– Det heile starta som vanleg jamsession, seier Dalane.
Onsdag 4. februar på Dokkhuset scene tok Petters jazzjam eit siste farvel med Trondheim i form av det Petter Dalane sjølv kalla «tidenes lystigste gravferd».
Meir enn ein jam
– Etterkvart blei det noko meir. Ein stad å kunne få utløp for å halde show.
Gjennom Petters jazzjam har ikkje Dalane berre markert seg som ein fremragande musikar, men også som ein svært karismatisk underhaldar. Inspirasjonen vart ikkje berre henta frå New Orleans røykfylte jamscener, men også frå absurd humor og standup. Komikarar som Stewart Lee og Norm Macdonald låg i bakhovudet.
– Tanken har vore å køyre på med absurdisme og surrealisme på opningskonsertane for å skape ein atmosfære der ein kan leike seg, utan spisse olbogar.
Frå starten har Petters jazzjam vore meir leikeplass enn konkurransearena, ein stad der det ikkje handla om å spele fortast eller reinast, men om å uttrykkje seg og ha det gøy saman.
Det var først når jammen flytta til Lokal Bar at den verkeleg etablerte seg som det herlege sirkuset vi kjenner i dag. Det var her Dalane tok på seg den kvite dressen, og med den ei tydeleg rolleforståing: Petter Dalane som jamsjef, konferansier og moromann.
Petters jazzjam blei etter kvart ein stad der musikk, teater og publikumskontakt smelta saman. Kvar kveld var ny, med nye folk på scena og nye konstellasjonar.
– Det har vore ein måte å få spele med ekstremt mange ulike musikarar. Kvar gong smeller ein saman ein ny konsert, ofte med noko ekstra i seg. Det vart mange miniførestillingar, eigentleg.
For Dalane har dette vore minst like lærerikt som det har vore underhaldande. Jamvertrolla har tvinga fram andre ferdigheiter enn dei reint musikalske.
– Eg har fått anleiing til å lære mykje utanom musikken. Til dømes det å ha kontakt med publikum.
Jazzbyen Trondheim
Ifølgje Dalane har Trondheim vore ein avgjerande føresetnad for at jammen kunne bli det han blei. Sjølv om han no bur i Oslo, omtalar han framleis Trondheim som heime.
– Det kjennast godt å kome tilbake, møte gamle vener og nye fjes. Det er inspirerande, på tvers av alder.
Han peikar på openheita og samhaldet i jazzmiljøet og på bystorleiken.
– Dette hadde ikkje vore like lett i ein større by som Oslo. Trondheim er passe stor, med veldig dyktige og hyggelege musikarar.
Gjennom ein leiken og humoristisk tilnærming til improvisert musikk verker det som om jammen har «avmystifisert» jazzen for eit breiare publikum. På jammane finn ein ikkje berre jazzstudentar i salen, men også alt frå psykologistudentar og vidaregåandeelevar.
Leirbålet
Etter ein kveld på Petters jazzjam håpar Dalane at folk sit igjen med kjensla av eit fellesskap.
– Ei kjensle av å ha vore med på noko som betyr noko i livet. Eit djupt mellommenneskeleg møte, som når urmenneska samlast rundt eit leirbål. Å vere del av ein flokk og dele kunnskap med kvarandre.
For sin eigen del sit Dalane igjen med gode erfaringar, kjære minne og spelevenar.
– Når eg gjer jam andre stader, på festivalar eller i andre byar, er det som om eg tek med meg ei «Trondheimsk» boble i dei timane det varer.
Han meiner jazzlinja i Trondheim har fått til noko heilt spesielt i norsk samanheng.
Blant dei mange augneblinkane er det eitt som skil seg ut.
– Eg hadde var heilt oppslukt av Peer Gynt i julen, og innsåg at eg nesten kunne fleire scenar utenat. Så då vart det jamopninga. Eg spelte Peer og Tor Haugerud var Mor Aase, medan Tuva Halse og Selma Granly spelte Grieg på stryk. På høgtaleren ljoma den konservative stemmen til komponist Harald Sæverud som dømte våre tolkningar av Grieg nord og ned.
Særleg Mor Aases død sit att i minnet, ifølge Dalane.
– Vi kunne jo eigentleg ikkje materialet veldig godt, men det blei til slutt ganske sterke kjensler i rommet. Publikum var heilt stille, nesten andektige og noken felte ei tåre då ein skalla, skjeggete utgave av Mor Åse døydde. At dette var ei jamopning var ei ekstra velsmakende og absurd rosin i pølsa.

Petter Dalane vert gravlagd i ein flykasse med sin kvite dress og mikrofonstativ. Her med Tor Haugerud i rolla som prest. Foto: Kajo Bjørkaa De Riz
«Petters Jazzjam har vorte ein institusjon innanfor jazzverda i Noreg. Petter har skapt eit arrangement som kombinerer klare og verknadsfulle dramaturgiske grep med ein ope og inkluderande jamsession, noko som har gjort jazzjammen til eit viktig tilskot til Noregs jazzliv».
– Tor Haugerud, utøvende musikar og førsteemanuensis ved jazzlinja
«Det er eit stort tap for byen. Petter lager ein ny dimensjon til det å ha ein open plass for å uttrykkje seg. Vi må prøve å få det vidare».
– Eirik Hegdal, utøvende musikar og førsteemanuensis ved jazzlinja
«Petters jazzjam har ufarliggjort mykje og vore ein trygg plass å kome for unge improviserande musikarar. Det er trist at jazzjammen ikkje er her lenger, og vi har eit ansvar om å vidareføre denne kulturen».
– Selma Granly, utøvende musikar og tidlegare jazzlinjastudent
«Eg meiner jo at dette er den beste jazzjammen i Noreg. Jammen kombinerer musikk og humor på ein måte som blir inkluderande både for jazzmusikarar og ikkje-jazzmusikarar».
– Stian Eismann, utøvende musikar, styreleiar i Trondheim Jazzforum og tidlegare jazzlinjastudent
Den andre enden
No er det slutt i Trondheim, i alle fall i denne forma.
– Det kjennest som ein æra er over. Det er her konseptet blei fødd og har høyrt heime.
Dalane siterer Ivar Aasen i eit Facebook-innlegg før jammen og skriv: «Allting heve ein Ende, sonær som Pylsa: ho heve to». I likskap med pølsa har også Petters jazzjam to endar.
– Den andre enden er vel når eg er død og ikkje kan halde jam lenger, seier Dalane og ler.
– Eg kjem til å halde jam igjen. Litt sjeldnare, meir sporadisk. Det er jo nesten ingen som seier dei skal slutte med noko som faktisk gjer det.
Avskjeden skjedde heller ikkje åleine. Den siste kvelden på Dokkhuset opna Petter Dalane Quintet på scena, eit band med gamle kamerater frå studietida på jazzlinja. Det var som eit nikk til Petters jazzjams fødsel i 2017, men med blikket retta framover. Kvintetten er no på turné med nytt album.
– Det blir fortsetjinga på mi eiga reise. Eg tek med meg min surrealistiske fakkel vidare, mellom anna i rollen som sjølvhjelpshypnotisør med Cosmic Swing Orchestra på Jazzfest i mai.
Petters jazzjam i Trondheim er over. Men ideen om leiken, fellesskapen og viljen til å la alt skje lever vidare.
