Radar anbefalar: 21 låtar frå 2021

 

Radar anbefalar: 21 låtar frå 2021
Foto: Andreas Jensen

 

Synest du musikkåret 2021 var så-som-så? Er du ikkje heilt klar for 2022 enda, og har helst lyst å klamre deg fast i fortida litt lenger? Gjeng du og trippar nervøst over tanken på å ha gått glipp av gode låtar? Frykt ikkje, Radar har berre venta heilt til siste sekund med å offentleggjere våre favorittar frå året som gjekk. Her får du ein kort introduksjon til 10 låtar som er verd å få med seg. Lista er variert, og inneheld kvalitetsmusikk frå både inn- og utland. Trykk på lenka i enden av artikkelen for å få tilgang til den fullstendige lista!

 

Ævestaden – «Gud Unde Oss Her / Ack Högaste Himmel»

Oslobaserte Ævestaden har funne sin stil gjennom å kombinere norsk og svensk tradisjonsmusikk og elektronisk musikk, i ein slags folkemusikk-elektronikahybrid. Debutplata Ingen mere gråter tek oss med på ei reise gjennom død og lengsel, formidla med klokkeklar vokal, fele med oktavpedal og med lyre, kantele og munnharpe som rytmisk driv. Måten trioen har fusjonert tradisjon og moderne element er elegant, noko vi får høyre i «Gud Unde Oss Her / Ack Högaste Himmel». Det er nesten rart å tenkje på at ingen før har gjort som Ævestaden, for det fungerer så til dei grader.

– Ingrid Nedrebø
 

redveil – «04»

Redveil imponerte stort med sitt album Niagara i fjor. Nå er han tilbake med hans kanskje beste låt, «04»; oppkalt etter hans fødselsår. Han har åpenbart fått innflytelse fra artister som Earl Sweatshirt, både lyrisk og produksjonsmessig, men han klarer likevel å skape noe eget, med en ungdommelig og sulten energi. Viktig å merke er det at låten er selvprodusert, som gjør det enda mer imponerende. I en alder av 17 høres redveil ut som en veletablert og moden artist, samtidig som hans stil er noe uraffinert. Denne selvsikre, men uraffinerte energien skinner virkelig på denne låten. Følg med på han her.

– Aksel Henrik Lessum
 

Illuminati hotties – «Pool Hopping»

Amerikanaren Sarah Tudzin sleppte i starten av oktober indierock-plata Let me do one more. Albumet, som hoppar leikande opp og ned i stemning, etterfølgde singelen «Pool Hopping»; ei låt som vil kunne karakteriserast som veldig lett, glad punk. Med ganske villdumme, amerikanske og cheesy tekstar gir «Pool Hopping» ei tankelaus verkelegheitsflukt som er sårt trengd i eit varierande år som 2021. Vill energi, upbeat gitar, og slitande vokal som jobbar saman med eit råkult orgel skapar ein snill punkpoplåt som lett kan konsumerast på dagar kor ein treng noko mentalt bedøvande kvalitetsmusikk.  

– Brage Bjerck Årøen
 

CARTHIEFSCHOOL – «Mikan»

CARTHIEFSCHOOL er, så vidt eg har forstått, ein trio frå Sapporo i Japan. Den sjølvtitulerte debutplata kom i februar, og er ei samling låtar som dveler ein stad mellom matterock og post-hardcore, med eit frenetisk, insisterande, og samstundes groovy uttrykk. På opningslåta «Mikan» tek ikkje vokalisten omsyn til dei meir dempa augneblinka i musikken, og når skrikinga til slutt tek av sit eg og vurderer å lære meg japansk, berre for å få stadfesta om teksten er like gåtefull som det kjem fram av Google Translate. Dette er verkeleg ei knallsolid låt frå eit prosjekt det er verd å ha opp auga for!

– Maiken Gjøsdal
 

Cassandra Jenkins – «Hard Drive»

På starten av året kom Cassandra Jenkins vakre skive An Overview on Phenomenal Nature ut. Albumet er i et vakkert krysningspunkt mellom folkeindie, ambient og sjølhjelp. Dersom du føler at skuldra dine er heva og hovne etter enda et langt drittår har du lov til å senke dem og puste ut. Cassandra var inspirert av det norske landskapet da hun bearbeidet skiva, og hvis du lukker øynene mens du hører «Hard Drive» sverger jeg at du kan se iskalde, nordiske svaberg.

– Andreas Jensen
 

Boldly James – «Brickmile to Montana»

Det har vært et fantastisk år for fans av den tunge stilen av hip-hop som blant annet Griselda har popularisert. I 2021 fikk vi en hel haug album i denne sjangeren, og blant mine favoritter har vi Boldly James sitt album Bo Jackson, hvor vi finner slageren «Brickmile to Montana». Det er en beinhard blanding av rask rapping, dødelige tekster og en drithard beat av ingen ringere enn The Alchemist. Det er en naturlig kombinasjon, med et fantastisk resultat som for alvor setter Boldly James på kartet.

– Aksel Henrik Lessum
 

Big Thief – «Little Things»

Det amerikanske indierock-bandet har sidan august sleppt sju singlar i jamt tempo, som eit frampeik til dobbel-LPen som kjem i februar. Med låtar som Little Things lover det godt for det komande albumet. Låta opnar med eit drøymande gitarriff som akkompagnerer Adrianne Lenker sin ikoniske, halvvegs mumlande vokal. Den tekststerke folk-inspirerte låta er ein perfekt forsmak på eit album ein bør ha auga opp for, særleg når gruppa skal ha tre norgeskonsertar det komande året.

– Brage Bjerck Årøen
 

Linni – «PRINGLES.2003.BRRip.XviD.MP3-XVID»

Hvert år er et Linni-år, men noen år er mer Linni-år enn andre Linni-år. I løpet av 2021 har Bergens snilleste rapper levert hele to skiver og en mixtape, hvor alle beatsene er produsert på datamaskin. Linni har brukt 2021 på å perfeksjonere stilen sin, og han har endt opp med en unik humor, personlighet, rytme og kreativitet som ingen andre artister kan måle seg opp mot. RADAR kan kun gi kudos, kudos og atter mer kudos til en av Norges beste rappere.

– Andreas Jensen
 

Moyka – «Illusion»

Det er ein kunst å lage god pop, men Moyka har for lengst bevist at ho meistrar den. Hallingdølen sleppte sitt debutalbum The Revelations of Love i haust, og blant mange sterke låtar er «Illusion» utan tvil den sterkaste. Låta er så hard og intens at det kjennast fysisk på kroppen, og har alt ein poplåt om tapt kjærleik skal innehalde. Vokalen er sterk, men sårbar, sint og bitter – perfekt for triste zoomers som vil danse ut kjærleikssorga. Eg bøyer meg i støvet og gratulerer Moyka med å ha laga verdas beste poplåt!

– Ingrid Nedrebø
 

Sloppy Jane – «Jesus and your living room floor»

Kammerpop-ensemblet Sloppy Jane, som tidlegare var ein punktrio, har proklamert sin nye, storslagne lyd på albumet Madison. Den makabre pianoballaden «Jesus and your living room floor» er eit testament til einsemd, og minner om langlesingssaker på NRK som handlar om nokon som har ligge daud i leilegheita si i lang tid utan å bli sakna av nokon. Vokalist Haley Dahl er òg ein framifrå lyrikar, som lykkast med å måle hjarteskjerande bilete i hovudet på lyttaren gjennom alle dei åtte minutta. Plata er forresten spelt inn i ei to kilometer djup grotte, noko som skapar ei heilt eiga romkjensle i musikken.

– Maiken Gjøsdal

Meir svolten på innhald om musikkåret 2021? Høyr Radar si årsoppsummering! Takk for i år!

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte