Spegel, spegel på veggen der. Kven av trioen bør til Eurovision fær?

 

hei
Foto: Jonatan Norbye

TIX i Trondheim spektrum 28/10:

Det var duka for ein festaftan i Trondheim spektrum, då TIX, med Soppgirobygget og ka2, skulle på scenen. TIX er ein av dei norske artistane som har vore innom flest spekter av musikkbransjen. Vi har russe-TIX, fest-TIX, vanleg-TIX og trist-TIX. Til ære for nye-TIX, skal denne meldinga vere i god Eurovision-ånd, nemleg poengskjema! Som alle andre Eurovision-poengskjema, skal artistane bli dømt ut frå sceneshow, styling, hitpotensial, MGP-faktor og modulasjon. Underteiknande er likevel radiopratar i underhaldningsseksjonen, og ikkje musikkseksjonen. Det vil seie at eg veit kva modulasjon er, men eg klarer ikkje høyre det i låtane. Difor går vi for ein annan variant: modellasjon – kor godt artisten hadde gjort det som modell.

Først ut var Soppgirobygget.

Sceneshow: Altså, det var greenscreentrapp i Eurovision 2021, så ein skjerm med litt blinkande animasjon i bakgrunn held ikkje mål i denne Eurovision-meldinga. Men det var to vandrande energibuntar – det skal dei ha ekstrapoeng for. Poeng: 3/10.

Styling: Soppgirobygget møtte opp i hettegenser og kvit T-skjorte. Eurovision er jo kjend for blant anna glitter. No tviler eg på at Soppgirobygget visste at dei skulle bli dømt etter Eurovision, men framleis eit kjedeleg sceneantrekk. Fint elles då. Poeng: 2/10.

Hitpotensial: Soppgirobygget har jo to låtar med ordentleg hitpotensial, det skal ein ikkje seie noko på, men hitane er ikkje så hit at duoen trenger å spele dei to og tre gonger på same konsert. Det blir minuspoeng for det. Poeng: 5/10.

MGP-faktor: Altså. Jau då. Det er jo sjarmerande med Eurovision-bidrag som syng på sitt eige språk, men etter at Salvador Sobral song om tapt kjærleik rett etter ein hjartetransplantasjon, så føler eg ikkje at «Er du feit så blir det farleg» går heilt heim til publikum. Kanskje Afterski hadde slått betre an som Norges bidrag. Sleng inn litt fele, så trur eg vi kunne hatt ein real sjanse altså. Poengsum: 6/10.

Modellering: Kjekke gutar det her, ja! Kunne sikkert gjort seg på ein plakat i Topp! Poeng: 7/10.

Deretter kom ka2 på scena.

Sceneshow: Ja, ja, ja! Her leverer ka2. Duoen hadde åtte svære planetar som hang frå taket på scena, og mange store soppar. Til og med SOPPgirobygget hadde ikkje soppar. Hadde planetane snurra, så hadde dei nok slått godt an i Eurovision. Ka2 hadde til og med røykmaskin og pyro, og eit dansande romvesen som skaut ut t-skjorter med t-skjortepistol. Poeng: 9/10.

Styling: Didrik Thulin, vokalisten i ka2, møtte opp på scena med silkeskjorte, skinnbukse og ein diamant klistra i panna. Det er nesten som ein skulle tru at nokon hadde gitt han beskjed om at UKEsenderen skulle gi han poeng etter Eurovisionkriterium. Poeng: 9/10

Hitpotensial: Bergensduoen er nok ikkje like hitmaskiner som dei to andre som opptredde i spektrum, men «dansar med tjommi» går ikkje stille forbi, og drar opp poengsummen. Poeng: 3/10.

MGP-faktor: I likskap med Soppgirobygget syng ka2 på norsk. Musikken er også fantastisk, men høyrer nok til på ei anna scene enn Eurovision-scena. Eg trur heller ikkje at det er Eurovision ka2 går etter med musikken, så det er jo like greitt. Men kva er jo eigentleg MGP-musikk den dag i dag? Poeng: 3/10. 

Modellering: Vokalisten i ka2 kunne gjort seg som modell altså. Han har eit særeiga utsjånad, og posering utan like. Nokon ville kanskje sagt han var ein norsk versjon av Damiano David, og scorar heile 8 poeng i modellasjon-kategorien.

Og til slutt: kveldens (høgde)punkt, TIX. 

Sceneshow: Pluss for pyro, men det var så å seie alt. Til og med Soppgirobygget hadde kulare animasjon. Han gjorde likevel mykje gøy, blant anna å ta opp ein fyr på scena for å gje han drikke. Det skal seiast at TIX verkar som han er laga for å stå på scena. Poeng: 3/10.

Styling: Ingen blir vel overraska når eg skriv at TIX møtte opp i pelskåpe, panneband og solbriller. Men det er jo litt «extra», slik som det skal vere i Eurovision. Poeng: 7/10.

Hitpotensial: Ein kan seie kva ein vil om TIX, men at han leverer hit etter hit, kan ein ikkje seie noko på. Mange av låtane som blei spelt kunne nok vore ein slager til og med i etterkant av Eurovision. Poeng: 8/10.

MGP-faktor: I starten av konserten fekk publikum stemme om dei ville sjå snille-TIX eller slemme-TIX. Fleirtalet jubla for full hals på slemme-TIX. Kanskje snille-TIX-låtane har meir MGP-faktor, for det var ikkje mykje Eurovision-preg på det publikum fekk høyre. Ein ordentleg fest blei det i alle fall. TIX spelte også «Fallen Angel», men vi har jo sett at den ikkje fungerer så veldig godt i Eurovision. Poeng: 3/10. 

Modellasjon: Det er litt vanskeleg å gje poeng til TIX i modellasjon, fordi det er vanskeleg å visualisere TIX i Vogue med russepanneband og solbriller på. Men han poserer jo kult. Ein seksar i modellasjon på han.

From UKEsenderen: our 8 points goes to: Soppgirobygget. Our 10 points goes to: TIX. And Our 12 points goes to: ka2. Send den duoen til Eurovision!

Konserten er meldt av Sofie Flølo Dyrstad. 

Spill av
#13 - Hits og pits, standup og adieu
Publisert: 28.10.2021

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte