FEBER feirar 30 år med A Tribe Called Quest

Jive Records, Sony Music Entertainment Inc.
Foto: Jive Records, Sony Music Entertainment Inc.

 

Det er no 30 år sidan A Tribe Called Quest slapp sitt legendariske første album, People’s Instinctive Travels and the Paths of Rhythm. Bandet blir sett på som hovudpersonane i danninga av jazz-rap i New York på 90-talet og bygde ein lyd som har inspirert ein heil generasjon og satt sitt merke på sjangeren for all tid. 30 år seinare står dei framleis som ei av dei viktigaste gruppane i både hiphop og moderne musikkhistorie.

I sendinga denne veka tek vi for oss nokre låtar frå kvart av albuma til stammen, i tillegg til visse stikk frå Q-Tip og Phife Dawg sine solokarrierar. Vi diskuterer forholdet vårt til den legendariske gruppa, betydninga av musikken deira, samarbeidspartnarar og korleis dei inkorporerte sider av Black Power-rørsla i kunsten sin. Blant mykje anna spelte vi låtar som «Award Tour», «Find a Way» og «Dis Generation».

Vil du høyre meir?  FEBER har sending kvar fredag mellom 18-20, du kan og høyre gamle sendingar her på radiorevolt.no/feber

Radio Revolt Direkte

Direkte

Radio Revolt Direkte